A klaga i brev 12. januar 2014 til ombodsmannen over korleis Statens pensjonskasse hadde handsama to saker om tilbakekrevjing av for mykje utbetalt avtalefesta pensjon.
I brev 28. januar 2014 blei pensjonskassa stilt spørsmål om sakshandsamingstida for den eine tilbakekrevjingssaka, som gjaldt avtalefesta pensjon utbetalt i 2010, og det at pensjonskassa i to brev hadde vist til skattebetalingslova 21. november 1952 nr. 2 § 33 som heimel for trekk i pensjonen. Det blei òg spurt om korleis pensjonskassa hadde handsama oppmodingar frå A om svar på nynorsk.
Statens pensjonskasse svarte i brev 10. mars 2014 at pensjonskassa i brev 22. januar 2014 hadde informert A om at vedtaket 20. juni 2012 om tilbakekrevjing av avtalefesta pensjon for 2010 var omgjort, at kravet var falle bort, og at pengane som var trekte ville bli betalte tilbake. Oppfølginga av anken til Trygderetten 13. juli 2012 i saka hadde ikkje vore som ønskeleg. A skulle ha fått førebelse svar, og sakshandsaminga burde ha vore grundigare og raskare. Pensjonskassa såg likevel ikkje at den økonomiske situasjonen til A var så vanskeleg at saka skulle ha vore prioritert framfor andre saker om tilbakekrevjing eller utbetaling av pensjon.
Rutinane for utsending av førebelse svar var skjerpa inn, slik at det no ville bli sendt i samsvar med krava i forvaltningslova.
Standarden for vedtaksbrev om tilbakekrevjing ved etteroppgjer for avtalefesta pensjon var òg endra, slik at det blei vist til forskrift om kombinasjon av avtalefesta pensjon for medlemmar av Statens pensjonskasse og arbeidsinntekt 30. november 2010 nr. 1493 § 8. Den nye tilvisinga var slik:
«Vi har adgang til å kreve for mye utbetalt pensjon tilbakebetalt, eventuelt ved å trekke i løpende ytelser eller lønn, jfr. forskriftens § 8.»
Statens pensjonskasse ville skrive eit eige brev til ombodsmannen om bruken av nynorsk i brev til medlemmane.
Saka ga grunn til desse merknadene, i brev 19. mars 2014:
«Eg har teke utgreiinga frå Statens pensjonskasse til etterretning, og er samd i at handsaminga av anken til Trygderetten 13. juli 2012 burde ha vore grundigare og raskare. Pensjonskassa har etter det eg forstår trekt i pensjonen til A i eitt og eit halvt år, og i og med at tilbakekrevjingsvedtaket er gjort om og kravet falle bort, legg eg til grunn at det ikkje låg noko gyldig vedtak til grunn for trekket. A har heller ikkje fått skriftlege orienteringar om sakshandsamingstida. Sakshandsaminga er kritikkverdig.
A bad i anken til Trygderetten 13. juli 2012 om at pensjonskassa trakk så låg sum som mogleg, og gjorde kort greie for den økonomiske situasjonen sin. Pensjonskassa har i brevet hit 10. mars 2014 skrive at den økonomiske situasjonen til A ikkje var så vanskeleg at saka hans skulle ha vore prioritert framfor andre saker om tilbakekrevjing eller utbetaling av pensjon.
Uansett om kravet om lågare trekk kunne føre fram eller ikkje, burde vurderinga av den økonomiske situasjonen til A ha skjedd langt tidlegare. God skikk tilseier at krav om redusert trekk som er grunna i at pensjonisten ikkje har nok middel til underhald blir handsama straks.
Elles har eg merka meg at Statens pensjonskasse no har endra tilvisinga til skattebetalingslova 21. november 1952 nr. 2 § 33 i standarden for vedtaksbrev om tilbakekrevjing ved etteroppgjer for avtalefesta pensjon. I den nye formuleringa heiter det at pensjonskassa kan trekkje i løypande ytingar eller løn, og det er vist til § 8 i forskrifta om kombinasjon av avtalefesta pensjon og arbeidsinntekt. Det er vanskeleg å sjå at formuleringa er dekkande, då føresegna berre gjev heimel for trekk i framtidige utbetalingar av avtalefesta pensjon og alderspensjon frå folketrygda.»
I brev 9. mai 2014 gjorde pensjonskassa greie for bruken av nynorsk i brev til medlemmane. Arbeidet med klarspråk og nynorsk hadde vore høgt prioritert dei siste åra; alle nye skjema var på nynorsk og heile nettstaden var lagt om i samråd med Språkrådet, slik at både bokmål og nynorsk var nytta. I manuelle brev freista pensjonskassa å svare på nynorsk der det skulle gjerast, men diverre var det ikkje til å unngå at det kunne skje ein glipp i nokre tilfelle. Pensjonskassa skulle sjå nærare på praktiseringa av rutinane, og tydeleggjere kravet om å svare på rett målform for sakshandsamarane.
Dei siste åra hadde pensjonskassa gjennomført eit stort IT- og endringsprosjekt; Perform – Pensjon for framtida. Prosjektet var svært krevjande, og oppgåva med å tilpasse datasystema til å handtere fleire målformer automatisk måtte utsetjast, av omsyn til kostnader og tid. Pensjonskassa var i ferd med å sluttføre endringar i lånesystemet som ville gjere det mogleg å svare lånekundane på ønska målform, og arbeida med å få oversikt over systemtekniske kostnadar og løysingar for pensjonsområdet.
Ombodsmannen tok i brev 16. mai 2014 utgreiinga om bruken av nynorsk i brev til medlemmane til etterretning.