• Forside
  • Kapittel 4 Referat av saker
  • 99. Avslag på søknad om konsesjon – uttale om forståinga av omgrepet «jord- og skogbrukseiendom» i konsesjonslova §5 andre leden

99. Avslag på søknad om konsesjon – uttale om forståinga av omgrepet «jord- og skogbrukseiendom» i konsesjonslova §5 andre leden

 

Det sentrale spørsmålet i saka har vore korleis omgrepet «jord- og skogbrukseiendom» i konsesjonslova 28. november 2003 nr. 98 (2003-lova) §5 andre leden er å forstå. I denne saka skulle det ha vore vurdert om eigedomen er konsesjonsfri etter 2003-lova §5 fyrste leden nr. 1. Etter konsesjonslova §5 andre leden gjeld konsesjonsfritaket etter fyrste leden på vilkår om bu- og driveplikt, dersom eigedomen det er tale om, kan reknast som ein «jord- og skogbrukseiendom» og dessutan oppfyller nærare fastsette krav til areal. I denne saka var arealkrava oppfylte. Avgjerande for spørsmålet om konsesjonsfritaket i denne saka gjaldt på vilkår om bu- og driveplikt, var difor om den aktuelle eigedomen var å rekne som «jord- og skogbrukseiendom». Ombodsmannen fann etter dette at forvaltninga si forståing av konsesjonslova hadde vore uriktig. Fylkeslandbruksstyret vart difor bede om å handsame søknaden om konsesjon på nytt. Etter dette vart saka til både A og B handsama på nytt. Fylkeslandbruksstyret gjorde om vedtaka og tok klagene frå A og B til følgje.

A og B overtok i midten av 1980-åra eigedomen gnr … bnr … i Gulen kommune på odel etter onkelen deira, C, med ein ideell halvpart kvar. Klagarane søkte i samband med overtakinga av eigedomen om varig fritak for bu- og driveplikt. Det blei frå klagarane si side oppgjeve at det ikkje var aktuelt å busetje seg på eigedomen. Årsaka til dette var todelt. Dels vart det vist til at det ikkje er utsikter til lønsam drift av eigedomen. Dels vart det halde fram at klagarane sin utsikt til inntekt i relevante yrke i Gulen kommune var avgrensa.

Søknaden om varig fritak vart ikkje innvilga. Klagarane fekk i staden ti års frist til å busetje seg på eigedomen, på det vilkår at våningshuset skulle haldast vedlike. Tre år etter at det fyrste fritaket var gått ut, vart nytt fritak innvilga for om lag eit halvt år. Fleire år seinare fekk A og B melding frå fylkeslandsbrukssjefen om at bu- og driveplikta var misleghalde, og dei vart pålagde å søkje konsesjon. Pålegget blei påklaga, men det vart ikkje endra. A og B søkte deretter om konsesjon.

Konsesjonssøknaden frå A vart handsama fyrst. Det følgjer av konsesjonslova (2003) §9 andre leden at konsesjon normalt ikkje skal gjevast når ervervet fører til sameige. B hadde difor erklært at han ville overdra sin ideelle part til A dersom han fekk konsesjon.

Søknaden vart handsama etter konsesjonslova av 2003. Kommunen avslo søknaden og synte til at søkjaren hadde manglande interesse for bruket, noko som vart grunngjeve med at våningshuset var forfalle og kulturlandskap grodd att i strid med vilkåret for det tidsavgrensa fritaket for bu- og driveplikt som vart innvilga like etter at A og B overtok eigedomen. I samband med klagen til Fylkeslandbruksstyret i Sogn og Fjordane, presiserte kommunen at avslaget på konsesjonssøknaden var forankra i at kommunen av dei nemnde grunnane ikkje fann søkjaren skikka til å drive eigedommen, jf. konsesjonslova §9 fyrste leden nr. 4. Vidare vart det peika på at A sitt formål med eigedomen ikkje ville styrkje omsynet til busetjinga, jf. konsesjonslova §9 fyrste leden nr. 2. Fylkeslandbruksstyret tok ikkje klagen til følgje. Det vart synt til at sjølv om eigedomen ikkje kunne reknast som ein landbrukseigedom etter konsesjonslova §9, var det høve til å nekte konsesjon til den som ikkje ønskjer å busetje seg på eigedomen.

B bad deretter om at konsesjonssøknaden hans vart handsama. Kommunen avslo også denne konsesjonssøknaden, men viste denne gongen berre til busetjingsomsynet. Det går ikkje fram kva for heimelsgrunnlag som er lagt til grunn for vedtaket. Avslaget vart påklaga til fylkeslandsbruksstyret som ikkje endra vedtaket som følgje av klagen. I sitt vedtak viste fylkeslandbruksstyret til konsesjonslova §§1, 2 og 11.

A og B klaga til ombodsmannen over avslaget på konsesjonssøknadene. Klagen frå B vart levert innanfor klagefristen til ombodsmannen. For A var klagefristen gått ut. Dette var klagarane merksame på. Dei synte likevel til at det kunne vere grunn for ombodsmannen til å sjå dei to sakene som ei sak. Ombodsmannen har likevel berre handsama klagen til B.

Klagarane gjorde gjeldande at det ikkje var grunnlag for å nekte konsesjon med grunnlag i manglande busetjing og skreiv:

«I landbruksdepartementet sitt Rundskriv 2/2004 pkt 7.3 er det påpeika at det ikkje er bu- og driveplikt der ein ikkje kan «drive selvstendig landbruksvirksomhet på eiendommen på en regningssvarende måte.» I fylkeslandbruksstyret sitt vedtak … s. 3, 3. avsnitt er det lagt til grunn at denne eigedomen ikkje kan «gi noko form for økonomisk overskot». Ovannemnde medfører at det i dag ikkje oppstår bu- og driveplikt ved eit konsesjonsfritt erverv av denne eigedomen, men at det kanskje likevel er høve til å setje vilkår om bu- og driveplikt når ervervet er konsesjonspliktig, jfr. Sivilombodsmannen sitt vedtak 2004/1689.

Det burde dermed vore tillagt stor vekt at klagarane sitt erverv i utgangspunktet er konsesjonsfritt, noko som ikkje var tilfellet i Sivilombodsmannen si nemnde sak frå 2004.

Sjølv om det, trass i nemnde rundskriv, er høve til å handheve bu- og driveplikt på eigedomen, tilseier fylkeslandsbruksstyret sin nemnde premiss at denne eigedomen er i det absolutte grenseområdet for om bu- og driveplikt bør påleggjast. Det framgår av fylkesmannen sitt vedlagte brev av … til Gulen kommune at eit avslag på konsesjonssøknaden må reknast som «temmeleg inngripande». Som nemnt skal dessutan bustadhuset rivast om kort tid. Av denne og andre grunnar, er det nokså illusorisk at eigedomen er etterspurd som buplass. Ein ber om at Sivilombodsmannen tek saka opp med fylkeslandbruksstyret i Sogn og Fjordane med sikte på at konsesjonsvedtaket vert omgjort.»

Saka vart i brev herifrå lagt fram for Fylkeslandbruksstyret i Sogn og Fjordane. Det vart bede om merknader frå fylkeslandbruksstyret til følgjande:

«1. I kommunen sitt vedtak … blei søknaden om konsesjon nekta ut frå busetjingsomsynet. B hadde i søknaden opplyst at han ikkje hadde planar om å busetje seg på eigedomen. Det går fram av fylkeslandbruksstyret sitt vedtak at styret delte denne vurderinga.

Er det rett å nekte konsesjon på et slikt grunnlag, eller skulle fylkeslandbruksstyret i staden ha gjeve konsesjon på vilkår om busetjing?

2. Etter konsesjonslova 28. november 2003 nr 98 §5 er somme avhendingar konsesjonsfrie. Ein ber fylkeslandbruksstyret greie ut om denne føresegna har vore vurdert i denne saka. Det går fram av dokumenta i saka at A og B tok over eigedom frå ein onkel i 1984. Er ei avhending frå ein onkel til ein nevø konsesjonsfri etter føresegna i konsesjonslova §5?

3. Fylkeslandbruksstyret har i vedtaket … lagt til grunn at eigedomen ikkje er å rekne som landbrukseigedom. I høve til «dei knappe innmarksressursane» og «dei magre utmarksbeita» vil det ikkje være råd å drive med kjøttproduksjon på sau med «noko form for økonomisk overskot på denne eigedomen.» Etter konsesjonslova §5 andre leden gjeld konsesjonsfritaket etter fyrste leden på vilkår om bu- og driveplikt, dersom eigedomen det er tale om, kan reknast som ein «jord- og skogbrukseigedom» og dessutan oppfyller dei nemnde krava til areal. I rundskriv M-2/2004 frå Landbruks- og matdepartementet heiter det:

«Ved vurderinga av om det er en jord- og skogbrukseiendom må det foretas en helhetsvurdering, der en ved siden av eiendommens størrelse og produksjonsevne også må legge vekt på eiendommens beliggenhet, arealenes karakter og eiendommens tradisjonelle bruk. En må ha for øye at det ikkje knytter seg bo- og driveplikt til en eiendom med mindre det er mulig å drive selvstendig landbruksvirksomhet på eiendommen på en regningssvarende måte.»

Ein ber fylkeslandbruksstyret på bakgrunn av det nemnde rundskrivet å gjere greie for om det er rett å knytte vilkår om buplikt til overtaking av ein eigedom styret meiner ikkje kan drivast med økonomisk overskot.»

Til spørsmål 1 svarte fylkeslandbruksstyret:

«Når søkjaren gjev klårt uttrykk for at han ikkje ønskjer eller kan busetje seg på eigedomen, medan styresmaktene konkluderer med at fast busetjing må til for at konsesjonslova sine føremål skal vere oppfylt, meiner vi det må vere rettast å nekte konsesjon. Vi har forstått sentrale konsesjonsstyresmakter slik, at dersom ein finn det klårt at lovføremåla vert best ivaretekne ved at det vert fastsett vilkår som for søkjaren framstår som tyngande, må vilkåra føreleggast han for uttale før søknaden vert avgjort. Dersom slike vilkår ikkje vert akseptert av søkjaren, bør ein heller avslå søknaden enn å gje konsesjon på vilkår som nemnt. I gjeldande rundskriv, M-5/2003 er ikkje dette synspunktet kome til uttrykk, men i Ot.prp. nr. 79 (2002-2003) er det i merknadene til §11 sagt: «Bestemmelsen tilsvarer gjeldende konsesjonslov §9. Motiver og praksis knyttet til bestemmelsen er relevante for tolkningen av bestemmelsen.» Når vi så går tilbake til punkt 5.3 i rundskrivet M-4/2001, sit vi att med den ovannemnde forståinga.

Dersom søkjaren ikkje kan eller vil flytte til, må ein vel dessutan rekne med at ei konsesjonsmeddeling med vilkår om busetjing vil resultere i brot på konsesjonsvilkåra, og påfølgjande sanksjonssak, jf konsesjonslova §16. Det kan likne ein unødig prosess.»

Til spørsmål 2 hadde fylkeslandbruksstyret følgjande merknad:

«B vart pålagd å søkje om konsesjon av di han hadde brote buplikta som oppstod ved hans konsesjonsfrie overtaking av ein ideell del av gnr. 78, bnr. 1 i 1984, jf. konsesjonslova av 1974 §6, og odelslova §29, andre ledd. I den aktuelle konsesjonssaka har såleis ikkje føresegna i §5 i dagens konsesjonslov vore vurdert. Elles vil vi meine at overtaking av eigedom frå ein onkel vil vere konsesjonsfri i medhald av §5 første ledd nr. 1, slik den også var etter §6 i 1974-lova.»

Til spørsmål 3 uttala fylkeslandbruksstyret:

«Vi har lagt til grunn at konsesjonslova opnar for å setje vilkår om busetjing også på eigedomar som ikkje er økonomisk drivverdige/kan reknast som jord- og skogbrukseigedomar, slik uttrykket er nytta i konsesjonslova §5, andre ledd. Til støtte for dette har vi m.a. synt til Ombodsmannen sin uttale i saka innteken på s. 296 i årsmeldinga frå 2004, sjå vedlagde kopi i ingressen.»

Klagarane vart gjeve høve til å kome med merknader til fylkeslandbruksstyret sin saksutgreiing og heldt i brev … fram at «minst fire tilhøve bør gi grunnlag for konsesjonstildeling utan vilkår om buplikt i denne 24 år gamle saka»:

«1.

Eigedomen har ikkje bustadhus, og sjølv om her skulle bli bygt bustadhus, vil ikkje søkjarane ha høve til å utøve yrket eller utdanninga si i det aktuelle området. Når situasjonen er slik, og fylkeslandbruksstyret heller ikkje reknar eigedomen som ein landbrukseigedom i konsesjonslova si forstand, framstår det som urimeleg å stille vilkår om buplikt. Her manglar ei konkret, individuell vurdering av søkjarane sin situasjon, noko som etter vår oppfatning strir mot M-2/2004 pkt. 4.4. som kom etter EU-dommen den 23.09.2003 (Ospelt-dommen).

2.

Vi oppfattar den rettslege situasjonen slik at når ein eigedom som ikkje kan reknast som landbrukseigedom (slik situasjonen er her) skifter eigar innan familien, oppstår det ikkje buplikt, jfr. konsesjonslova §5, 2. ledd. Ved konsesjonspliktig erverv til utenforståande, kan det derimot stillast vilkår om buplikt også for andre eigedomar enn landbrukseigedomar, jfr. at omsynet til busetnaden er nemnt i den generelle formålsregelen i konsesjonslova §1 og ikkje spesifikt i §9, jfr. m.a. Sivilombodsmannen si sak 2004-1689.

I denne saka har ein den spesielle situasjonen at det er ei overdraging innanfor familien, men at det likevel er blitt konsesjonsplikt. Fylkeslandbruksstyret har ikkje vurdert det særskilte momentet at det her er tale om å pålegge buplikt for personar som lova fritek frå buplikt. Dette er eit moment som burde inngått i den samla skjønnsvurderinga.

3.

Gulen kommune har ikkje nytta seg av retten til å søkje innført føresegner om 0-konsesjon etter konsesjonslova §7. 0-konsesjon er eit mindre inngripande verkemiddel fordi det i slike konsesjonssaker ikkje kan stillast vilkår om personleg buplikt. Etter vår oppfatning bør ikkje ein kommune som unnlet å innføre moderate verkemiddel (upersonleg buplikt), kunne handheve tyngre verkemiddel (personleg buplikt) så strengt som denne saka viser.

4.

Den 25.01.07 avsa EU-domstolen ein dom som i realiteten under kjenner dei danske reglane om buplikt. Den norske staten var «hjelpeintervenient» for Danmark, venteleg fordi saka vart rekna for å ha direkte verknad for dei tilsvarande norske reglane.

Dommen gir ikkje nødvendigvis grunnlag for å underkjenne dei norske reglane om personleg buplikt, men i så fall er det nettopp fordi dei norske reglane, i motsetning til dei danske, gir så store rom for individuelle unntak. Dommen understrekar og innskjerpar m.a.o. retten til å få individuelle vurderingar.

Ein ber om at Sivilombodsmannen reiser kritikk mot den strenge praktiseringa som har skjedd i denne saka.»

Ved brev … kom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane med følgjande merknader på vegner av fylkeslandbruksstyret:

«Til punkta 1 og 2: Når ein søknad om konsesjon har sin bakgrunn i misleghald av bu- og/eller driveplikta, har vi lagt til grunn at den skal handsamast og vurderast som ein ordinær konsesjonssøknad, og at m.a. rundskrivet M-2/2004 ikkje gjeld i slike saker (jf. punkt 3.1 i rundskrivet). Likeeins har vi rekna med at konsesjonslova sine «slektsfordelar» ikkje lenger gjeld når ein eigar lyt søkje om konsesjon av di vilkåra for å nyte godt av fordelane er brotne.

Til punkta 3 og 4: Vi er ikkje samde med advokat … i at fråveret av forskrifter etter konsesjonslova §7 skal utelukke bruk av vilkår om buplikt i medhald av §11. I så måte torer vi også nemne at det i medhald av sistnemnde paragraf også kan fastsetjast upersonleg buplikt på eigedomar som denne. Ei slik løysing vart vurdert også i denne saka, men då der i praksis ikkje er noko bustadhus på eigedomen, fann vi at det var et uaktuelt alternativ. Dette er også nemnt i saksutgreiinga til møtet … .

Eventuelle følgjer av EU-dommen av 25.01.07 må det ligge til andre enn Fylkeslandbruksstyret å trekkje opp.»

Klagarane presiserte deretter i brev … at:

«For så vidt gjeld punkt 1, jfr. mitt brev av …, held vi fast ved at dei aktuelle vedtaka manglar ei individuell vurdering av søkjarane sin situasjon og av det tilhøvet at eigedomen manglar bygningar.

I høve til punkt 2 held vi fast ved at saka inneheld eit særskilt moment ved at dersom søkjarane hadde overtatt eigedomen i dag, ville det ikkje oppstått buplikt, jfr. at fylkeslandbruksstyret ikkje lenger ser på eigedomen som ein landbrukseigedom. Dette er eit moment som, etter vår oppfatning, åleine burde gitt grunnlag for konsesjon, utan vilkår om buplikt.

Når det gjeld punkt 3 så er det frå vår side ikkje hevda at manglande forskrifter etter konsesjonslova §7 utelukkar bruk av vilkår om buplikt etter §11. Det vi har hevda er at når ein kommune ikkje har funne det nødvendig å innføre upersonleg buplikt (0-konsesjon) for å sikre fast busetnad, så bør ikkje den same kommunen kunne praktisere den personlege buplikta så strengt som Gulen kommune – under dissens – har gjort i denne saka.

Til punkt 4 uttaler fylkesmannen at det må vere opp til andre enn fylkeslandbruksstyret å trekkje opp følgjer av EU-dommen av 25.01.07. Eg går ut frå at ein her meiner å ville avvente ein uttale som Landbruks- og matdepartementet har lova for så vidt gjeld departementet si forståing av rekkevidda av denne dommen. Problemet er at EU-retten, for så vidt gjeld dei fire friheiter, er gjeldande i Noreg uavhengig av når – og om – departementet uttaler seg om dette. I den grad den varsla uttalen evt. står i strid med EU-retten, vil den sogar ha liten rettskjeldeverdi.»

Etter at fylkeslandbruksstyret vart gjeve høve til å kome med merknader og ikkje nytta seg av dette, vart saka tatt opp til avslutning.

Ved avslutning av saka uttalte eg:

«Fylkeslandbruksstyret i Sogn og Fjordane har handsama saka i medhald av konsesjonslova 28. november 2003 nr 98 (2003-lova), som tok til å gjelde 1. januar 2004. Denne lova erstattar konsesjonslova 31. mai 1974 nr 19 (1974-lova).

Utan at eg kan sjå at det har hatt innverknad på utfallet av saka, finn eg grunn til å peike på at konsesjonssøknaden skulle ha vore handsama etter 1974-lova. Ervervstidspunktet er avgjerande for kva for ei lov som gjeld. Det følgjer av Ot.prp. nr. 79 (2002-2003), som slår fast at «[l]ovens bestemmelser trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer. Fra samme tid oppheves gjeldende konsesjonslov, lov 31. mai 1974 nr. 19. Dette innebærer at erverv som skjer etter dette tidspunktet blir underlagt lovens bestemmelser.»

I denne saka er dei aktuelle reglane i 2003-lova i samsvar med dei tidlegare reglane i 1974-lova. Motiva til 1974-lova er etter dette relevante ved tolkinga av 2003-lova. Enkelte av dei endringane i 2003-lova som er til gunst for ervervaren skal likevel kome denne til gode. Det følgjer av 2003-lova §22 at «dersom konsesjonssaka ikkje er endelig avgjort når loven trer i kraft, skal unntakene fra konsesjonsplikt på grunnlag av eiendommens karakter og erververens stilling i §§4 og 5 gjelde selv om ervervet av eiendommen er skjedd før loven trådte i kraft.» Dette gjeld uavhengig av årsaka til at konsesjonssaka ikkje er endeleg avgjord.

Konsesjonslova legg til grunn at erverv av fast eigedom som utgangspunkt er konsesjonspliktig. Etter konsesjonslova er det likevel ikkje noko automatisk krav om bu- og driveplikt. Det grunnleggjande spørsmålet i denne saka er om den aktuelle eigedomen er konsesjonspliktig.

I denne saka skulle det ha vore vurdert om eigedomen er konsesjonsfri etter 2003-lova §5 fyrste leden nr 1.

Det er på det reine at føresegna i 2003-lova §5 ikkje har vore vurdert.

Fylkeslandbruksstyret har i denne samanhengen synt til at B vart pålagd å søkje konsesjon av di han hadde brote buplikta som oppstod ved hans konsesjonsfrie overtaking av ein ideell del av gnr … bnr … i 1984, jf. 1974-lova §6 og odelslova §29 andre leden. Fylkeslandbruksstyret har presisert at når ein søknad om konsesjon har sin bakgrunn i misleghald av bu- og/eller driveplikta, har styret lagt til grunn at søknaden skal handsamast og vurderast som ein ordinær konsesjonssøknad og at m.a. rundskrivet M-2/2004 ikkje gjeld i slike saker.

Grunngjevinga frå fylkeslandbruksstyret syner at det er klagaranes misleghald av bu- og driveplikta etter odelslova som er årsaka til at føresegna i 2003-lova §5 ikkje har vore vurdert. Det er ikkje haldepunkt for å tolke konsesjonslova slik at ein kan innføre eit sanksjonssystem ved misleghald av bu- og driveplikt etter odelslova utover pålegget om å søkje konsesjon. Konsesjonsmyndigheitene må med utgangspunkt i omstenda i saka på sjølvstendig grunnlag vurdere om ervervet er konsesjonspliktig etter konsesjonslova og, om så er tilfelle, om konsesjon eventuelt kan og skal gjevast på nærare vilkår.

Forholda på vedtakstidspunktet skal leggjast til grunn for vurderinga, sjå m.a. forvaltningslova §34 andre leden.

Ei avhending frå ein onkel til ein nevø er konsesjonsfri etter føresegna i 2003-lova §5 fyrste leden nr 1. Tilsvarande gjaldt etter 1974-lova §6 fyrste leden nr. 1.

Fylkeslandbruksstyret har sagt seg samd i dette.

Etter konsesjonslova §5 andre leden gjeld konsesjonsfritaket etter fyrste leden på vilkår om bu- og driveplikt, dersom eigedomen det er tale om, kan reknast som ein «jord- og skogbrukseigedom» og dessutan oppfyller nærare fastsette krav til areal. Tilsvarande gjaldt etter 1974-lova §6 fyrste leden nr 1. Arealgrensene er likevel utvida i 2003-lova samanlikna med 1974-lova.

Konsesjonslova §5 andre leden er altså eit vilkår for konsesjonsfritak, og ikkje ein heimel for å påleggje bu- og driveplikt. Paragraf 5 andre leden inneheld kumulative vilkår for når bo- og driveplikt er avgjerande for konsesjonsfritak.

I denne saka er arealkrava oppfylte. Statens landbruksforvaltning har lagt til grunn at eigedomen har eit samla (minimums)areal på 1882 dekar fordelt på 21 dekar fulldyrka jord, 306 dekar skog av låg bonitet og 1138 dekar anna areal, jf. møtebok til hovudutvalet for plan og utvikling i Gulen kommune, datert … og … .

Avgjerande for spørsmålet om konsesjonsfritaket i denne saka gjeld på vilkår om bu- og driveplikt, er etter dette om den aktuelle eigedomen er å rekne som «jord- og skogbrukseiendom».

Ombodsmannen har i sin praksis lagt til grunn at kriteriet «jord- og skogbrukseigedom» i konsesjonslova fell saman med kriteriet i odelslova om at eigedomen må kunne «nyttast til landbruksdrift». Dette synet har støtte i St.meld. nr. 109 (1975-76) s. 9. Sjølv om det i den aktuelle stortingsmeldinga er teke viktige atterhald, må utgangspunktet vere at ein eigedom som vurderast slik at han ikkje «kan nyttast til landbruksdrift» etter odelslova, heller ikkje kan sjåast som ein jord- og skogbrukseigedom etter konsesjonslova. I årsmeldingen for 2006 s. 32 flg., har eg uttala at «eg antar således at begrepet «jord- og skogbrukseiendom» i konsesjonsloven i det vesentlige er sammenfallende med kriteriet om at en eiendom må kunne «nyttas til landbruksdrift» for å kunne anses som en odelseiendom. Rettspraksis omkring odelsloven §1 vil derfor kunne gi et viktig bidrag til forståelsen av begrepet.» Eg viser elles til saker referert i same årsmelding s. 322 flg. og s. 327 flg.

Landbruks- og matdepartementet har sagt seg samd i ombodsmannen si forståing. I ombodsmannssak 06/2208 har departementet i brev 19. juni 2007 (i pkt. 4 på s. 5) uttala følgjande om spørsmålet:

«Det foreligger lang og fast forvaltningspraksis for å tolke uttrykket «jord- og skogbrukseiendom» i konsesjonsloven på en noe annen måte enn uttrykket må kunne «nyttast til landbruksdrift» jf. odelsloven §1. Et eksempel som viser dette er gjeldende rundskriv M-2/2004. I tidligere rundskriv er dette utdypet ytterligere (se for eksempel rundskriv M-29/95). Gjeldende rundskriv gir anvisning på en helhetsvurdering som skiller seg noe fra den vurdering som er lagt til grunn i rettspraksis knyttet til odelsloven §1. Det skal foretas en vurdering av den avkastninga som eiendommen kan gi. Denne vurderinga er ikke fullt ut sammenfallende med rettspraksis etter odelsloven fordi det i rettspraksis også legges vekt på andre forhold enn de rent økonomiske, se som eksempel Rt. 1998 s. 450 (Vesterøya) hvor det bl.a. ble lagt vekt på eiendommens adkomst. I tillegg gir omtalen i rundskrivet anvisning på hva som er «mulig», ikke som i sakene etter odelsloven hva som er påregnelig drift i fremtiden. I praksis har departementet imidlertid liten grunn til å anta at disse nyanseforskjellene reelt sett fører til forskjellig resultat ved den avveiningen som skjer.

Disse tolkingsforskjellene bør etter departementets vurdering ses i lys av at odelsloven og konsesjonslovens regler om bl.a. arealgrenser har vært nokså ulike i mange år. Det er ikke mer enn 6 år siden at det oppsto konsesjonsplikt ved erverv av bebygd eiendom over 5 dekar. Praksis innebar da at selv om søker ikke hadde odelsrett, kunne landbruksmyndighetene komme frem til at eiendommen hadde karakter av jord- og skogbrukseiendom slik at konsesjonsfriheten var betinget av at eieren bosatte seg på eiendommen og selv drev den.

Departementet mener imidlertid at tolkningen av bestemmelsene i dagens situasjon bør harmoniseres. Boplikt på landbrukseiendom er i dag i hovedsak begrunnet i hensynet til bosetting og hensynet til kulturlandskap. En slik begrunnelse tilsier ikke at det skal være forskjellige terskler for hvor boplikt oppstår avhengig av om eieren har odelsrett eller er i nær slekt med den som avhender eiendommen. Departementet legger derfor til grunn at kriteriet «jord- og skogbrukseiendommer» jf. konsesjonsloven §5 annet ledd skal forstås på samme måte som odelslovens kriterium om at eiendommen må «kunne nyttast til landbruksdrift». Departementet vil be Statens landbruksforvaltning om å sende en orientering til kommunene og fylkeslandbruksstyrene om dette.»

Ved vurderinga om ein eigedom «kan nyttast til landbrukseiendom» etter odelslova §1, følgjer det av rettspraksis at ein i vesentleg grad må sjå på eigedomen sin økonomiske avkastingsevne, jf. Landbruks- og matdepartementet sitt rundskriv M-2/2004 om boplikt pkt. 7.3:

«Ved vurderinga av om det er en jord- og skogbrukseiendom må det foretas en helhetsvurdering, der en ved siden av eiendommens størrelse og produksjonsevne også må legge vekt på eiendommens beliggenhet, arealenes karakter og eiendommens tradisjonelle bruk. En må ha for øye at det ikke knytter seg bo- og driveplikt til en eiendom med mindre det er mulig å drive selvstendig landbruksvirksomhet på eiendommen på en regningssvarende måte.»

I høve til kriteriet i odelslova §1 om at eigedomen må kunne «nyttast til landbruksdrift» er det likevel ikkje tilstrekkeleg at drifta av bruket gjev eit positivt, økonomisk resultat.

Bruket må i tillegg kunne gje «et tilskudd av betydning til en families underhold», jf. NOU 1972: 22 Om odelsretten og åsetesretten (Sivillovbokutvalets Rådsegn 10) i spesialmotivene til odelsloven §1 s. 43 flg. I lys av det som er sagt ovanfor, kan ikkje omgrepet «jord- og skogbrukseiendom» forståast på noko annan måte. Dette vert og lagt til grunn av departementet i brevet 19. juni 2007 (i pkt. 3 på s. 4). På same måte som det vart lagt til grunn i sak 2004/2672, sjå meldinga for 2006 s. 322, må det òg i høve til konsesjonslova takast stilling til «om det – ut fra de rådende forhold eller sett i et lengre tidsperspektiv – kan fremstå som realistisk at en fornuftig kjøper vil erverve eiendommen til landbruksdrift», jf. Rt. 1998 s. 450 (Vesterøya) på s. 454.

I denne saka har fylkeslandbruksstyret i vedtaket 14. november 2006 sjølv lagt til grunn at eigedomen ikkje er å rekne som ein landbrukseigedom. Fylkeslandbruksstyret konkluderer med at det i høve til «de knappe innmarksressursane» og «dei magre utmarksbeita» ikkje vil være råd å drive med kjøttproduksjon på sau med «noko form for økonomisk overskot på denne eigedomen». Eg viser her til fylkeslandbruksstyret si møtebok … s. 3.

Eg finn etter dette å måtte leggje til grunn at eigedomen er å rekne som konsesjonsfri etter konsesjonslova §5 fyrste leden nr. 1, jf. §5 andre leden.

Retten til å setje vilkår for konsesjon etter 2003-lova §11 gjeld berre når eigedomen er konsesjonspliktig. Da eigedomen i denne saka er å rekne som konsesjonsfri, kan det ikkje gjevast konsesjon på vilkår i medhald av §11. Saka skil seg såleis frå ombodsmannen si fråsegn i sak 2004/1689, som nettopp gjaldt ein konsesjonspliktig eigedom.

Slik omstenda i denne saka er, finn eg ikkje grunn til å gå nærare inn på klagarane sine argument i høve til EØS-retten.

Fylkeslandbruksstyret synest å ha lagt ei uriktig forståing av konsesjonslova til grunn ved handsaminga av konsesjonssøknaden. Eg ber difor om at fylkeslandbruksstyret handsamar saka på nytt.

Sjølv om klaga til A var forelda og difor ikkje er handsama her, finn eg grunn til å peike på at dei same tilhøva gjer seg gjeldande for A sin konsesjonssøknad. Eg ber difor fylkeslandbrukstyret om å vurdere om denne søknaden òg bør vurderast på nytt.

Eg ber om orientering om fylkeslandbruksstyret si vidare handsaming av saka.»

I ettertid har eg fått oversendt møtebok frå fylkeslandbruksstyret som syner at saka til både A og B vart handsama på nytt. Begge vedtaka vart då endra og klagene frå A og B tekne til følgje. Fylkeslandbruksstyret la til grunn at deira overtaking av eigedomen er konsesjonsfri etter konsesjonslova §5 fyrste leden nr. 1.