Eg hadde desse merknadene til dei rettslege sidene ved saka:
«Etter forvaltningsloven 10. februar 1967 §34 andre leden skal klageinstansen «vurdere» grunngjevinga som er gjeve i klagen. Lova krev såleis ikkje at klageinstansen skal gjere greie for sitt syn på alt klagaren har teke opp i klagen. Omsynet til god forvaltningsskikk kan likevel tale for at dette blir gjort, og dei sentrale spørsmåla i klagen skal forvaltningsorganet normalt kommentere.
I klagen til fylkesmannen spurde A om det var rett at byggesaksgebyret hadde stige frå kr 1625 i 1998 til kr 10670 i 2005. Det går fram av kommunen sitt saksframlegg at kommunen vurderte spørsmålet til A som eit sjølvstendig klagepunkt. Fylkesmannen skulle ha teke opp dette punktet særskild i klagevedtaket …, og eg har merka meg at fylkesmannen er samd i dette. Det er ikkje utan vidare rett at det ikkje er høve til å klage på eit vedtak om storleiken på eit byggesaksgebyr. Dette går mellom anna fram av Lovavdelinga si uttale 29. august 1989 som fylkesmannen har vist til, og som nyanserer biletet noko.
Etter det gebyrregulativet som var aktuelt i saka, skulle byggesaksgebyret reknast etter areal. A sin nye søknad gjaldt ei hytte med eit større areal enn det søknaden frå 1998 omhandla. Eg har ingen merknader til at gebyret blei fastsett etter den gebyrklassa som gjaldt for det aktuelle tilleggsarealet. Som òg fylkesmannen peiker på i sitt brev hit, kan det vere grunn til å sjå kritisk på gebyrregulativ der gebyret berre reknast ut frå areal. Gebyr fastsett på denne måten kan lett gå over sjølvkost, og dermed kome i strid med plan- og bygningslova. Her viser eg til mi uttale i ombodsmannssak 2005/1486, som gjeld høvet til sjølvkostprinsippet som ligg til grunn for gebyrføresegna i plan- og bygningsloven §109. Det er ikkje heimel for å krevje eit byggesaksgebyr som går over sjølvkost, jamvel om gebyrregulativet isolert sett krev dette.
Ein klage over at eit gebyr er fastsett for høgt, kan ein etter omstenda oppfatte som at gebyret er fastsett høgare enn sjølvkost. I så fall må gebyret vurderast i høve til eventuelle reglar i det aktuelle gebyrregulativet om at føresegna i regulativet kan fråvikast om «særlege tilhøve tilseier det». Det gebyrregulativet som er aktuelt i saka har nett ei slik føresegn.
Det er rett som fylkesmannen seier når han i brevet hit skriv at «kommunen ta stilling til om vilkåra for nedsett gebyr er til stades» etter den nemnde føresegna sjølv om klagaren ikkje uttrykkelig har kravd dette. Når dette ikkje er gjort, kan det tyde på at spørsmålet ikkje er utgreidd, og då er det gjort ein sakshandsamingsfeil.
Gebyret som blei fastsett for A, var auka med 200 % i høve til vanleg byggesaksgebyr. Dette hadde samanheng med kommunen sin føresetnad om at det var bygd ulovleg. Auka hadde isolert sett heimel i gebyrregulativet pkt. 1.17.
Føresetnaden i plan- og bygningsloven er at byggjesaksgebyr ikkje skal gå over sjølvkost. Det gjeld også om det blir søkt i etterkant av ei ulovleg bygging. Byggesaksgebyr kan ikkje nyttast som «straff» for ulovlig bygging. Ulovleg bygging lyt ein hindre gjennom dei andre verkemidla i plan- og bygningsloven, slik som straff, påbod om gjenoppretting og tvangsmulkt. Ei utrekning av byggesaksgebyr i ulovlegtilfella som tek utgangspunkt i ei sjablonmessig auke på 100 % i høve til vanleg gebyr, kan difor lett føre til resultat som strir mot loven. Dette gjeld ikkje mindre når vanleg byggesaksgebyr vert rekna ut mekanisk etter areal, slik som høvet er i saka her. Eg forstår det slik at fylkesmannen er samd i denne vurderinga.
Det går fram av fylkesmannen sitt brev at han meiner at Flora kommune og han har gjort sakshandsamingsfeil. Fylkesmannen skriv deretter:
«Fylkesmannen må handsame ferdig også den delen av klagen som gjeld byggesaksgebyret. Ut i frå det som er nemnd ovanfor, meiner Fylkesmannen det er lite truleg at feilen har virka inn på avgjerda i saka, men vil avvente si endelege vurdering av spørsmålet inntil Ombodsmannen si vurdering ligg føre.»
Feilen har ført til at klagaren ikkje har fått den vurderinga av gebyret som han har krav på. Det rette må då vere at fylkesmannen tar saka opp att og vurderer spørsmålet i ettertid, både i høve til kommunen sitt regulativ og i høve til sjølvkostprinsippet. Prinsippet i forvaltningslova §41 om verknadene av sakshandsamingsfeil, er det ikkje treffande å vise til i saka her. Paragrafen gir ein regel om at einskildvedtak kan bli gyldige jamvel om det er gjort feil i sakshandsaminga, men seier ikkje noko om kva som er rett sakshandsaming, og det er det som er spørsmålet i denne saka. Det er med andre ord ikkje tale om vedtaket i høve til klagaren er gyldig, men korleis han kan få handsama gebyrklaga i samsvar med loven.
Eg ber fylkesmannen handsame gebyrklaga og samstundes merke seg det eg har sagt om høvet til forvaltningsloven og grunngjevinga av einskildvedtak.»
Eg bad òg om å få ein kopi av fylkesmannen si avgjerd når ho låg føre.