A, tilskotsmottakar, søkte om endring av tilskot tilbake i tid. Ho viste til at den tilskotspliktige hadde hatt vesentleg større inntekt enn det som blei lagt til grunn ved førre fastsetjing av tilskot.
Trygdekontoret endra tilskotet til 5390 kr per månad frå og med månaden etter at søknad om endring blei sett fram. Tilskotsmottakaren klaga på avslaget om endring tilbake i tid. Den tilskotspliktige klaga på vedtaket og la ved uttale frå revisor om framtidig inntekt.
Ved oversendinga av saka til fylkestrygdekontoret skreiv trygdekontoret:
«Bidragspliktig er aksjonær både i Y A/S og X A/S. … Det er oppretta eit nytt aksjeselskap som har overteke aksjane som bidragspliktig hadde i Y A/S. Dette fører til at eventuelt utbytte frå Y A/S vert overført til det nye selskapet. Utbytte kan overførast frå selskap til selskap skattefritt. Bidragspliktig har likevel høve til å ta ut utbytte frå det nye selskapet, men må skatte av det.»
NAV Klage og anke (tidlegare fylkestrygdekontoret) reduserte tilskotet til kr 2680 per månad i perioden desember 2005 til juni 2006, og deretter kr 2210 per månad.
Arbeids- og velferdsetatens innkrevjingssentral avgjorde at for mykje utbetalt tilskot til tilskotsmottakaren (kr 34870) skulle motreknast i framtidige tilskot.
Tilskotsmottakaren klaga hit over sakshandsaminga og fastsetjinga av tilskotet. Ho fann det urett at ho skulle bli økonomisk belasta med tilbakebetaling av tilskot, da ho heile tida hadde gitt riktige opplysningar om eigen økonomi. Det var urimeleg at storleiken på tilskotet blei endra tilbake i tid for henne, men ikkje for den tilskotspliktige.
NAV Klage og anke blei i brev herifrå bedt om å svare på om det blei vurdert å fastsetje tilskotet ut frå ei gjennomsnittleg berekning av inntekta til den tilskotspliktige, eventuelt kvifor det ikkje blei funne grunn til å gjere det. Det blei òg bedt opplyst om endringane 13. april 2007 i forskrift 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot §4 verka inn på denne saka.
NAV Klage og anke svarte mellom anna at tilskot skal fastsetjast på grunnlag av aktuell og framtidig inntekt, og at eldre inntekter utelukkande er interessante om dei gir eit riktig bilete av aktuell og framtidig inntekt. Vidare:
«NAV Klage og anke har i sin avgjørelse lagt til grunn at bidragspliktige er lønnsmottaker og at han i 2005 hadde en personinntekt (lønnsinntekt) på kr 730700. Han hadde ikke netto positive kapitalinntekter i 2005. …
Da bidragspliktige er lønnsmottaker har NAV Klage og anke funnet at beregningsgrunnlaget skal fastsettes på grunnlag av faktisk inntekt.
Gjennomsnittsberegning av inntekten skal, ifølge retningslinjene gitt i direktoratets rundskriv, brukes i tilfeller der bidragspliktige er selvstendig næringsdrivende. Vi har videre ikke funnet grunnlag for å skjønnsfastsette inntekten, da vi ikke kan se at bidragspliktige som daglig leder i et aksjeselskap kan sies å ha lavere inntekt enn inntektsevnen. Dette til tross for at han i noen av de siste årene, fram til og med 2004, har tatt ut varierende aksjeutbytte.»
Til spørsmålet om endringane i forskrifta §4, blei det svart at NAV ikkje kunne sjå at desse fekk innverknad på denne saka, så lenge den tilskotspliktige blei likna som lønnsmottakar.
I nytt brev til ombodsmannen orsaka NAV Klage og anke at siste avsnitt i brevet hadde falt bort. Der sto det:
«NAV Klage og anke vil for øvrig beklage den lange saksbehandlingstiden, som har medført at summen av for mye utbetalt bidrag til bidragsmottaker ble unødig høy. Dette skyldes bl.a. innføring av nytt datasystem ved overgang til ny bidragsordning, og at det i den forbindelse oppsto uforutsette problemer med å få bidragene beregnet.»
Tilskotsmottakaren viste i brev til ombodsmannen mellom anna til at den tilskotspliktige tidlegare har blitt likna som sjølvstendig næringsdrivande. NAV Klage og anke svarte til dette at den tilskotspliktige «hele tiden har blitt liknet som lønnsmottaker, unntatt i 2002, da han også hadde næringsinntekt».
I brev herifrå blei NAV Klage og anke bedt om å gjere greie for forvaltninga sin plikt til å undersøkje tilskotspliktiges selskapshøve i saker der vedkommande eig aksjar i firmaet som er arbeidsgjevar. Det blei også spurt om NAV skulle ha bedt tilskotspliktige om å dokumentere driftsresultata i selskapa, eller om ei erklæring frå revisor var tilstrekkeleg for å dokumentere at det ikkje ville bli tatt ut utbytte.
Vidare blei det bedt om ei nærare utgreiing av spørsmålet om skjønnsfastsetjing av tilskotspliktiges inntekt, og om eigartilhøva i selskapa kan ha innverknad på vurderinga. Det blei ôg spurt om vurderinga av om ein person har lågare inntekt enn inntektsevna tilseier, gjerast ut frå at lønnsinntekta er alminneleg god, eller om også denne vurderinga må gjerast ut frå kva personen tidlegare har hatt som inntekt i same stilling. Det blei også bedt vurdert om tilskotsmottakaren kan ha krav på erstatning på grunn av lang sakshandsamingstid «som har medført at summen av for mye utbetalt bidrag til bidragsmottaker ble unødig høy».
NAV Klage og anke gjorde i sitt svarbrev greie for plikten til å undersøkje tilskotspliktiges selskapshøve. Det blei også vist til at det er generalforsamlinga som avgjer om det skal delast ut utbytte, og at det ikkje alltid blir tatt ut utbytte sjølv om ei bedrift går med overskot. Så lenge NAV Klage og anke ikkje fant grunnlag for å fastsetje inntekta ut frå skjønn, blei det ikkje innhenta opplysningar om driftsresultatet i 2006.
Klage- og ankeeininga kommenterte vidare spørsmåla herifrå om skjønnsfastsetjing av inntekt. Det blei vist til at tilskotspliktiges inntekt ikkje er lågare enn inntektsevna, sjølv om han har tatt ut aksjeutbytte eitt av dei siste åra. NAV Klage og anke meinte at forsørgingsplikta blir ivaretatt, og at vilkåra for å bruke skjønn ikkje er oppfylte.
Til slutt skreiv NAV Klage og anke:
«Ved at det endelige vedtaket reduserte bidraget tilbake til 01.12.05, ble for mye utbetalt bidrag til bidragsmottaker unødvendig høy. NAV Klage og anke anser at bidragsmottakeren kan sette frem krav om erstatning på grunn av lang saksbehandlingstid.»
Ved avslutninga av saka uttalte eg:
«1. Fastsetjing av inntekt
Etter barnelova 8. april 1981 nr. 7 §71 skal tilskotsfuten fastsetje tilskot til barn slik at
«fastsette utlegg til forsyting av barnet blir delte mellom foreldra etter storleiken på inntekta deira. Tilskot skal som hovudregel fastsetjast på grunnlag av aktuell og framtidig inntekt. Inntekta til kvar av foreldra skal setjast til «personinntekt og positiv netto kapitalinntekt som overstig kr 10.000,- per år»,
jf. forskrift 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot §4 første ledd.
I forskrifta §4 andre ledd er det reglar om fastsetjing av inntekt når ein part har inntekt frå sjølvstendig næringsverksemd. I rundskriv 1. oktober 2002 nr. 71 frå Rikstrygdeverket (i kommentarane til §4 andre ledd), heiter det:
«Selvstendig næringsdrivende omfatter personlig næringsdrivende og aktive eiere av selskap som omfattes av delingsmodellen etter skatteloven.»
Vidare:
«Varierer inntekten mye fra år til år, kan det være naturlig å kreve at det blir lagt fram skatteavregning eller selvangivelser for flere år slik at beregningsgrunnlaget kan bli fastsatt på bakgrunn av et gjennomsnitt.»
NAV Klage og anke har lagt til grunn at tilskotspliktige er lønnsmottakar, da han er likna som det. Det er ikkje gjort nærare greie for at han da er det også i bidragssamanheng, men eg legg det til grunn, sjølv om NAV trygd har lagt til grunn at han er sjølvstendig næringsdrivande.
Eg kan likevel ikkje sjå at NAV Klage og anke har gjort ei grundig nok vurdering av spørsmålet om skjønnsfastsetjing av inntekt. I tilskotsforskrifta §4 fjerde ledd andre punkt er det bestemt at inntekta skal fastsetjast etter skjønn når inntekta til ein part er vesentleg lågare enn det han eller ho burde oppnå ut frå utdanning og evner, utan at parten kan gi ein rimeleg grunn til at inntekta ikkje er høgare (forskrifta slik ho tidlegare var).
Tilskotspliktige er aksjonær i X AS, og var tidlegare også aksjonær i Y AS. Tilskotspliktiges aksjar i Y AS blei overført til eit nyoppretta selskap, jf. overgangsregel E til skattereforma. Trygdekontoret (nå NAV trygd) viste i oversending til klage- og ankeeininga til at tilskotspliktige har høve til å ta ut utbytte, men at han i så fall må skatte av det, noe som igjen kan føre til at ein personleg ikkje ønskjer å ta ut utbytte, men investere det vidare.
Det er ikkje opplyst i saksdokumenta kor stor del av selskapa tilskotspliktige har kontroll over, og i kor stor grad han sjølv kan bestemme om utbytte skal takast ut. Det er heller ikkje gjort nærare undersøkingar av selskapas rekneskap. Dette er informasjon som er vesentleg ved vurdering av spørsmålet om skjønnsfastsetjing. Eg viser her mellom anna til ombodsmannens fråsegn i årsmeldinga for 1999 side 212 og side 209. I denne saka har tilskotspliktige tidlegare år hatt svært varierande inntekter, og gjennomgåande høgare inntekt enn i 2005. Dersom tilskotspliktige framleis har høve til å ta ut utbytte, kan det vere eit moment for å fastsetje inntekta hans ved skjønn, jf. forskrifta §4 fjerde ledd.
2. Sakshandsamingstida
Sakshandsamingstida har, som NAV Klage og anke òg er inne på, ført til at beløpet tilskotsmottakaren må betale tilbake (for mykje motteke tilskot) har blitt unødig høgt. Eg har merka meg at NAV Klage og anke har orsaka den lange sakshandsamingstida, og at det er vist til at tilskotsmottakaren kan fremje krav om erstatning på grunn av lang sakshandsamingstid.
3. Konklusjon
Eg har kome til at det «knytter seg begrunnet tvil til forhold av betydning i saken», jf. ombodsmannslova 22. juni 1962 nr. 8 §10 andre ledd, og ber derfor NAV Klage og anke om å vurdere saka på nytt i lys av merknadene over. Eg minner om at tilskotspliktiges uttale må innhentast, da han ikkje har vore part i saka for ombodsmannen.
Eg ber om at NAV Klage og anke orienterer meg om utfallet av den nye vurderinga, ved oversending av kopi av brev til tilskotsmottakaren.»